Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
UZJglwlz
1 m
Frosta
Nord-Trøndelag
Frosta - god valuta for få minutta
(Skrevet av Anders 24.05.2011)

Tur foretatt: Mai 2011.

24.05.11
Storheia, 370 moh. – Frosta kommune

Då ny askesky trua luftrommet var det berre å komme seg Værnes før jo betre. Der sto pinnade meg ein Alfa Romeo Guiletta og venta på meg så då var det berre å sette kursen mot Ronglan og 5 km på grusveg for så å køyre sørvest til vestenden av Sottjønna. Gps’en i bilen viste ikkje kjappaste veg, så betre å bruke knollen her.
Parkerte og starta ved bommen til Fjellplassen, litt merkelig å ha med seg ein italiensk designbil på fjelltur… Fulgte traktorveg forbi Fjellplassen og langs ein flott T-merka sti heile vegen til topps. Det er mogleg å velje eit meir “rett-på” vegval, men det er ikkje så mykje tid å hente. Kom fyrst til nokre typiske trøndermyrar etter skaret og så var det litt artig klyving opp på sjølve Storheia mot vardane. På toppen var det nemlig fleire vardar og punkt som er ganske like på høgde. Var borte på 3 av dei og fekk høgste måling (372 moh) på toppen der det er boltar i berget. Er ikkje krise på Bahamas for meg om korrekt topp var 15 meter lenger borte og 14 cm høgare så var ikkje så lenge oppe i blåsten før det var ned att. Var for øvrig artig at 2 meter under høgste punktet er det ei gigantisk myr i alle retningar (sett bort frå vest).
Nede att var det berre å økse på, men måtte inn og myse på dette fagre tunet frå 17. århundre. Fjellpassen ser ut til å ha vore ein fin plass å bu med flott grue. Vell nede byrja det små dryplinga i lufta til å gå over i meir seriøst regnver. Perfekt :D

Tid: 28 min opp (hurtig gange), 20 min ned.
Distanse: 4km tur/retur
Stigning totalt: ca. 290 høgdemeter


Tilbake til Frosta




 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset