Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
UZJglwlz
1 m
Grimstad
Aust-Agder
Grimstad - Ankelmenuett i mai
(Skrevet av Anders 11.05.2011)

Tur foretatt: Mai 2011.

11.05.11
Dobbedalheia, 361 moh. – Grimstad kommune

Når det vert kreva meir ankelstøtte enn ankel rundt foten for å komme seg ut bør ein kanskje halde seg vekke frå skogen og fjellet. Men betennelse i venstre ankel skulle ikkje sette ein stoppar for denne kommunetoppen. Hadde saumfart toppar rundt arbeidslokasjonen i Birkeland og fann ut at Grimstad sin høgste innebar mykje grusveg og traktorslep og lite ukurant terreng.
Starta ca. 1500 frå Birkeland og brukte 45 minutt innst i dalen etter å ha tatt av frå skilting mot Håland. Var ingen heime på garden så parkerte i sida og var i gong å springe/gå ca. kl 1600. Møtte på ein eldre herremann og dottera langs vegen, han kjente Dobbedalheia godt og meinte ein kunne sjå til nybygga i Arendal i godver. Eg nikka annerkjennande, men hadde ikkje fjernaste aning kva han snakka om. Dro ei mothistorie frå krigens dagar for å sikre god stemning før eg jogga vidare. Var varmt og godt og litt tidleg på året for mygg og floger; PERFEKT.
Haldt som andre heilt opp traktorslepet til ein møtte på mastetraséen då det såg bratt ut å gå rett opp. Dro så nordover og sidan nordaustover mot toppunktet. Kan vere lurt å ha med kart/gps her for å trygge god retning. Fann toppunktet ganske greitt, kontrollerte med gps og og la ein stein til vardens byrde. Såg ingen ting til Arendal og folk, men ein tiur og ei ringdue var ute og lufta fjærpraktene sine.
På veg nedatt kjente eg den mentale styrken var inntakt og merka mindre til ankelen, så gamblet på rett-aust vegvalet ned brattaste skråning. Hadde nemlig observert eit søk nedover lia som eg vona ville ta meg ned på fornuftig vis. Normalt vert ein hardt råka av stup og andre feller ved slike vegval, men denne gongen gjekk det merksamt fint. Vil anbefale denne vegen ned for den eventyrlystne, men ikkje oppover då sikta ikkje er så god til sjå ruta ein skal gå opp (det er litt sikk-sakk eit parti). Kom ned med skinnet, skjelettet og ein ny kommunetoppskalt i drikkebeltet. Glad gut.

Tid: 45 min opp (masse pausar), 45 min ned (masse fotopausar, kortare veg).
Distanse: 4 km tur/retur
Stigning totalt: 160 høgdemeter


Tilbake til Grimstad




 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset