Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
UZJglwlz
1 m
Bamble
Telemark
Topp for alle!
(Skrevet av Håkon L 25.04.2011)

Tur foretatt: April 2011.

24.04. 2011 Dagens andre topp var Bamble sin høgste, nemlig Hørsfjell. Her fulgte mi vegbeskrivelsen som du finner på Ti Topper'n (titopperen.no) Kom frå Drangedal og tok av mot Rafnes i det store STOPP-krysset og kjørte så heilt til det stod Høen, tok av til Høen og kjørte innover på ein smal veg, kom så til eit kryss der du kunne ta til Bamble Kirke eller Flåte, tok av mot Flåte og kom til det lille tettstaden Heistad ca 1,5 km frå Bamblevannet. Her er det ein raud garasje med ein trafo som du kan parkere med eller så er det ein større parkering lengre nedi vegen. Løypa går så rett ved sida av garden på ein grusveg og er godt merka heile vegen, dei siste 600 meterane er på sti, så er du på toppen. Fin utsikt her oppe. Bruka ganske lang tid her ca. 1.45 tur-retur, men då med ei gammal mor med kneskade så denne toppen er for alle.

Tilbake til Bamble
 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset