Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
UZJglwlz
1 m
Hitra
Sør-Trøndelag
Sol i vest, fullmåne i aust og litt Sibirtundra
(Skrevet av Anders 19.02.2011)

Tur foretatt: Februar 2011.

17.02.2011
Etter to fine kursdagar på Hitra var det tid for toppjakt. Kom ikkje av gårde før kl.1445 frå Barmann så det var så vidt det bar mtp tid og flyet heim 2130 frå Værnes. Eg hadde lada opp med pizza- og tacobufeet på Frøya Hotell (eit bra overnattingsval!) så her var det berre å forbrenne.
Brukte 45 min å køyre til Nordkvammen. Passerte skogsvegen og kom i bukta med 2 øyer. Då er du 300 meter for langt. Stien startar med planta granskog på båe sider før ein kjem ut i myrterreng som buktar seg innover. Eg jogga rolig i 10-15 cm nysnø og fulgte eit enkelt spor av type menneske innover. Var og andre typer spor, men dei fulgte ikkje skogsvegen.
Etter 50 minutt var eg ved Mørkdalsvatnet, dvs. litt bortanfor ved ei frosen elv. Du ser ikkje sjølve vatnet frå stien, ikkje uro deg for det. For sjølvaste tuva ruvar i mot og det er berre å labbe oppover sida. Det var litt snøfokk i fonner og is så fekk litt jobb og høgpuls til toppen. Brukte 1t 15min til toppen og ei formidabel utsikt/solnedgang/fullmåneoppgang venta i alle retningar. Mørkdalstuva er ikkje særskild spektakulær, men eit ser langt av gårde og anbefalast i ”fotolys”. Løpte så ned att og var ute total 2t 20min inkl. 5 min. fotostopp på toppen. Skogsvegen er rimelig kjedelig og vil tru den kan vere grisete og blaut om sommaren. Det er også mogleg å bruke ski innover skogsvegen, den er flat og fin og siste bit til toppen er også farbar med ski opp og ned.
Lenge sidan eg har vore ute på ein så lang joggetur, deilig at kne og kropp fungerte bra. Køyreturen attende til Værnes på 2t 50minutt i mørke, men med bra føre var ikkje så kjekk. Har forsøk båe sider av fjellet no, trur dette er den kjappaste sjølv om det nok er litt kjedelig å gå heile turen.


Tilbake til Hitra


 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset