Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
UZJglwlz
1 m
Malvik
Sør-Trøndelag
Ikkje sku småtoppane på sokken!
(Skrevet av Anders 08.09.2010)

Tur foretatt: September 2010.

06.09.2010
Hadde leigebil frå Værnes og satt gps'en på vegen mot Selbustrand. Det var litt lenger enn formoda, men kom etter kvart til "toppen" av vegen der det fyrst var ein parkeringsplass for skientusiastar til venstre og 150 meter lenger fra gjekk ein grusveg samme veg (nordover). Her var det å køyre 5-10 min og parkere ved stengt bom, rett under satelittball.
Starta lett jogg på grusveg og tok etterkvart av til venstre (vest) frå sti ved ei lita grusplass der det låg ei grønn presening med litt ved under. Her gjekk det fin sti heilt til toppen av Baklifjellet 684moh og ei hytte som var til sals. Ein trønder gjekk og snuste på hytta, men den trengte ein GOD porsjon med vedlikehald. Fortalte han at dette var ei "kommunetopphytte" og det bikka nok i selgars favør. Frå hytta (som heit vindstøl eller noko) er det berre å ligge ned vestre ryggen og over ei multemyr før bolta stein som markerer kommunegrensa ligg og flekkar tenner mot deg i flott solnedgong. Det var riktig nyderlig og nesten tropetemperatur så brukte ein 15 minutt for å ta godt med bilete og sjå på solnedgongen over Fosenfjella. Gjekk som ein lysande smilefontene attende til bilen og Chris Rea sin song "Road to Hell" var ei meiningsfylt tekstlinje på fleire mentale nivå.
-
1 time t/r inkl masse fotopausar.


Tilbake til Malvik


 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset