Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
UZJglwlz
1 m
Leksvik
Nord-Trøndelag
Grunnlag åleine for å drive med toppjakt!
(Skrevet av Anders 31.08.2010)

Tur foretatt: August 2010.

Det er dei gongane når ein drar til ein kommunetopp utan så store forventningar; Ikkje er det ein kjent topp, ikkje ser den spektakulær ut på veven og ikkje er den særs høg. Og så vert du berre blåst bort av fager natur :D
Det hadde regna godt så var i utgangspunktet skeptisk til tur i dag (31.08). Men bra vermelding ut over kvelden så tok sjansen. Køyrde 30 min frå RIssa og parkerte ved den raude samfunnshuset (Revelltun, Trøndelag sin Rivendell) etter å ha leita litt blant grusvegane. Dette er absolutt rett plass å starte frå. Stikkorda er fin sti og lett å finne fram, kantarell, orrhane og vekslande natur frå sildrande elvar til kraftige steinformasjonar. Utsikta er framifrå når ein kjem opp over skogsgrensa og ein kan berre nyte turen mot toppen og ned att.
Start 1850. Tid opp: 1t 20min med diverse fotostopp og grei gange.
Tid ned: 43 minutt med lett joggelunting i overblaute myrar. Slutt 2100.
Utrulig kjekt å oppdage slike skjulte perler i den norske fjellheimen!
Tips! Hugs våtsokkar og godt kamera; Her er det så mange potensiale blinkskot at Ole Einar Bjørndalen hadde vore frå seg av glede.


Tilbake til Leksvik




 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset