Ny bruker
Logg inn
 
Nasjonstopper
Seven Summits
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
UZJglwlz
1 m
Norge
Europa
Lang, lang rekke til piggen
(Skrevet av Anders 03.12.2004)

Tur foretatt: Juli 2001.

Etter eit år på Hawaii med lite nutrangling og mykje bølgeskvulping var det heim til fjellandet. Kvifor ikkje då gå rett på sak og søke si norske sjel på den høgste topp?
Eg budde med ei vennine frå Lom og vitja ho i slutten av Juli. Mens ho jobba, tok eg bussen frå Lom Sentrum opp te Juvashytta 1850 moh kor det var guidet tur over Styggebreen.
Eg traff ein kar eg hadde vøre i militæret på Garnisonen i Sør Varanger med, då han var breførar for sumaren her.
Turen gjekk til fots opp til breen der me, danske som norske tvinna oss i tre taulag og fekk formanande instruksjonar om kva me skulle gjere og ikkje gjere.
Vinden dro seg til oppover, men dei fleste av oss var godt kledd så det gjekk greit. Då var det verre med karen som måtte låna ullsokkar og ha på fingrane (fekk ikkje tak i nasjonaliteten hans ;)
Over breen gjekk det opp ein halvbratt rygg før me kryssa eit 45 - graders isparti ein - og - ein. Deretter var det å runda i ein halvsirkel opp mot toppen der hyttekos og verdas dyraste kvikk lunsj blei solgt. Det var 2 karar som hadde busatt seg der for sumaren så eg kan godt skjønna dei tok seg godt betalt.
Utsikten var litt på og av, men litt for tiltåka til å få den heilt store sjelven. Tryggleiksutstyr blei avlevert før eg takka for meg og for ned til Spiterstulen. Nedfarta var lang og dryg og det tok på lår og kner med storsekken min.
Spiterstulen var ei luksushyttegrend eg ikkje er vann med. Gourmetmat, dusj og sovesalar er det ikkje mykje av på Vestlandet (på DNT - hyttar vel og merka).
Neste dag freista eg prøva meg på Glittertind og, men lokalkjente sa toppen berre var is og andre måtte gje opp 50 m frå toppen. Utan stegjern og lokalkjennskap tok eg dalen til Glitterheim i staden. Ein lang, fin tur i dalom, men eg skulle så gjerne vøre på ein topp då... Toppsuget var igjen på plass etter eit år langs Waikikis langstrakte strand!
Etter litt mat og kvile her gjekk eg bort grusvegen til bommen (1-2 timar?) der eg blei henta og frakta attende til Lom.
Min fyrste tur i Jotunheimen var fin og grei, men gav eigentleg berre meirsmak.

Vardekastet på piggen... Det er nokre år sida, men eg minnast det var ein grei varden der. La oss vera diplomatisk og gje den ein 4'ar.


Tilbake til Norge
 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset