Ny bruker
Logg inn
 
Nasjonstopper
Seven Summits
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
UZJglwlz
1 m
Kypros
Asia
Spontan tur til både Nord og Sør!
(Skrevet av Håkon L 16.09.2013)

Tur foretatt: September 2013.

Fant noen billige billettar med StarTour tur-retur til Larnaca, fekk med meg ein kamerat og 4 dagar seinare stod mi i Kypros med ein billige leigebil og to toppar som skulle bestigast.
Mi tok først ei natt i Larnaca og såg litt i byen der, før mi dagen etter tok ein kjøretur til Nord-Kypros. Mi sleit fælt med å finne vegen inn i Nord-Kypros. Dei er tydlegvis ikkje så gode venner at dei vil skilte til hverandres land! Men etter å ha rota rundt i hovdestaden eit par timar fant mi til slutt grensa. Passeringa gjekk kjapt og som dei andre har beskrivi så måtte mi kjøpe tre dagars forsikring for leigebilen til 20 euro, fekk stempel i passet og dura innover i det okkuperte land.

Mykje tyrkiske og Nord-kypriotiske flagg rundt om kring. På førehand hadde eg hente ut ein rapport frå "peb" med vegbeskrivelse til Selvili Tepe (http://www.ii.uib.no/~petter/mountains/1000mtn/selvili.html) mi følgte denna til punkt og prikke og fant veldig greit fram. PÅ vegen så stoppa mi med St. Hilarion Castle, veldig fin borg i fjellsida.

Når mi hadde kommi fram til der vegen gjekk opp mot toppen, så ignorerte mi skiltet som sa ingen adgang og håpa på det beste, kom opp til ei vaktbu som mi lista oss forbi, heldigvis var dte ingen der så i sprang opp til toppen tok eit bilde og sprang ned igjen.

Turen gjekk så vidare mot Kypros, Trodos fjella og Mt. Olympus. Men det tok litt tid å komme ut av nord pga dårlig skilting. Men mi var snart på veg igjen, kjørte mot Trodos fjella fant greit fram til Olympus, parkerte på den store parkeringa nedanfor fjellet, men kunne tydeligvis ha kjørt heilt opp. Oppe på toppen møtte mi noen gamle kypriotiske menn, som tydeligvis var litt bittre på at britane hadde okkupert den høgaste toppen deira med radiomaster og GPS, så når mi spørte om mi kunne gå opp til toppen sa dei at mi bare måtte gjøre det og dersom mi sag noen utlendingar måtte mi be dei "fuck off" mi gjekk rundt gjerde og prøva å finne det høgaste punktet, ignorerte no photo skilte og knipsa i veg.

Kjedelig med toppar der ein ikkje kan nå toppen pga, gjerde og millitærinnstalasjonar, men ikkje så mykje å gjere med! Resten av veka blei tilbrakt på stranda.


Tilbake til Kypros




 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset