Tur 07.03.2002. Var ei veke på Tenerife, og måtte prøve å koma oss til Teide. Oppsøkte parkkontoret i Santa Cruz, og fekk tillatelse denne dagen mellom kl. 11.00 og 13.00. Tok gondolbanen opp, men ingen vakter å sjå, så vi rusla stigen til topps. Kjente tydeleg svovellukta og merka også høgda eindel. Godt å ha med lue, votter og vindtøy for det var ganske kaldt. Gjekk turen nedatt forbi fjellhytta "Refugio de Altavista" til vegen, og denne tilbake til p-plassen ved gondolbana. Eva var med.